Gå till innehåll
Just nu i M3-nätverket

Meir Unicode-info


moshagen

Rekommendera Poster

Hei!

 

MacWorld er jamnt over eit bra og interessant blad, som eg gjerne kastar meg over med ein gong det kjem i postkassa. Men ein sak saknar eg i kvart einaste nummer: informasjon om Unicode-kompatibiliteten til program. Det gjeld alle program, frå kommandolina til InDesign. Knapt nok ein einaste gong har de nemnt om eit program har støtte for Unicode, og i så fall i kva omfang. Sidan denne informasjonen svært ofte er vanskeleg å få tak i elles òg, ville det vera ei stor hjelp om de kunne gjera eit betre arbeid i denne samanhengen. Her er nokre eksempel på program eg har prøvd å få informasjon om (og etter mykje arbeid fått vita noko):

 

InDesign: informasjon finst ikkje i ei einaste brosjyre eller webside, men etter å ha fått ein demoversjon av versjon 2.0, viste det seg at det er mogleg å montera Unicode-tekst. Men InDesign 2.0 identifiserer seg ikkje som eit Unicode-program, slik at det er umogleg å bruka Unicode-tastatura for å skriva inn tekst som krev Unicode. Det er heller ikkje klart kor stor del av Unicode (eller kva versjon) som blir støtta - kan ein montera tekst som inneheld kyrilliske teikn, greske teikn? Kva med symbol og pilar? Fonetisk skrift?

 

Office for Mac: den store veikskapen ved Office v. X er mangelen på støtte for Unicode. Det er mogleg å opna Word-filer frå Windows som inneheld teikn utanfor MacLatin, men ofte vil dei forsvinna, eller koma fram som firkantar eller som spørsmålsteikn (men dersom ein lagrar fila som rtf og opnar henne i TextEdit, vil alle teikna vera der, inklusive Unicode-eksklusive teikn - takk til Apple for TextEdit! - og i Panther kan ein til og med opna WinWord-fila direkte i TextEdit). Korleis er det med støtta for Unicode i neste verson av Office? I fall det finst slik støtte, gjeld det i så fall berre Word, eller gjeld det alle programma? I det siste nummeret som kom med posten i dag (det er enno ikkje tilgjengeleg i forumet), har de ein lang artikkel om neste versjon av Office - men ikkje eit einaste ord om Unicode-støtta. Det er for dårleg!

 

MacOS X: OS X har etter kvart fått veldig bra støtte for Unicode på den tekniske sida (full støtte for Unicode 4.0 i Panther), men det er framleis mykje som står att. Her er nokre eksempel: det finst svært få fontar med akseptabel dekning av det latinske alfabetet i Panther. Med mindre ein har andre program med fontar med større repertoar, vil ein i praksis vera begrensa til Lucida Grande i mykje tekst som inneheld teikn som ligg utanfor MacLatin. Når vil Apple koma med fleire fontar med eit akseptabelt repertoar?

 

Eit akseptabelt teiknrepertoar er sjølvsagt relativt, men eit rimeleg utgangspunkt vil til dømes vera alle teikn i alle alfabet som er i bruk innanfor EU. Dette omfattar pr. i dag m.a. fleire samiske språk i Sverige og Finland (forutan Noreg som ikkje er med i EU); skal ein skriva samisk på MacOS X, er det berre Lucida Grande som har full dekning - det blir kjedeleg i lengda, og er sjølvsagt ikkje tilfredsstillande. Frå og med 1. mai er det som kjent 25 medlemsland i EU, med delvis nye alfabet. Inneheld OS X fontar med tilstrekkeleg teiknrepertoar? Det er vanskeleg å tru, sidan dei ikkje klarer alle teikna i bruk i dei mest velutvikla landa innanfor EU.

 

Eit anna problem med OS X er Unicode-funksjonalitet for kommandolineprogram. Det er svært langt fram til ei fungerande Unicode-kommandoline, sjølv om nokre program inneheld støtte for UTF-8 (less, perl, m.fl.). Men sjølv for desse er det mykje arbeid å konfigurera og setja opp programma til å fungera problemfritt med Unicode, samtidig som dokumentasjonen ofte er mangelfull eller kryptisk. Det ville vera ei stor hjelp om de anten kunne ta opp problema med Apple for å få Apple til å utvikla programma vidare eller levera OS X med meir Unicode-venlege standardval, eller ta opp Unicode-problem på kommandolina i ein eigen artikkel.

 

Aller helst ynskjer eg meg at de i kvar einaste programevaluering de gjer tek med i oppsummeringa om programmet taklar Unicode eller ikkje (for relevante program, sjølvsagt). Sverige er ein del av EU, og fleire og fleire av oss som bruker datamaskin arbeider fleirspråkleg. Det er difor ikkje berre relevant, men etter kvart heilt naudsynt å ha eit operativsystem og program som kan handtera Unicode på ein tilfredsstillande måte. Eg ser fram i mot ei betre dekning av emnet i framtida.

 

Beste helsing

Sjur N. Moshagen

Finland

Länk till kommentar
Dela på andra webbplatser

Arkiverat

Det här ämnet är nu arkiverat och är stängt för ytterligare svar.



×
×
  • Skapa nytt...